StartsideGalleriPresentasjonCVUtstillingarKontakt meg

Presentasjon

 

 

Eg arbeider i veven. Flatveven. Sjølve verktøyet og handverket er viktig for meg også i ein vidare samanheng. Det har vore i generasjonar. Veving inneheld faste rammer og likevel er det så uendeleg med moglegheiter. Arbeidet krev nøyaktigheit, tålmod og tid. Å gjere klar ei ny renning og setje opp ein vev er ein prosess for seg, her skal alle trådar stemme, sjølve vevinga gjev utfordringane og rom for eksperimentering.
Innimellom vev eg også bunadstoff.

Etter å ha vevd linløparar i altfor mange år var eg på eit kurs i Sverige som heitte "Vev som aldrig førr!" Det snudde opp - ned på alt. Vi fekk boltre oss i ulike material og det var utruleg inspirerande. Det var berre å reise heim - med ei ny nysgjerrigheit og eit ønskje om å omsetje dette til mitt uttrykk. 

Og denne nysgjerrigheita ligg i botn enno. Det er alltid noko nytt å utforske og eg tek ofte utgangspunkt i materiale. 
Korleis ein kan bruke ulike kvalitetar, kombinere ulike material og eigenskapar i ulike vevteknikkar.
Gode naturmateriale er viktig, men eg kan også strekke strikken andre vegen om ein ide krev det. Struktur er også eit element som er spennande og svært viktig i  mange av arbeida mine. Teknikk, material, fargar, tekstur, struktur, kvalitet. Eit samspel. Harmoni. Eller kontrastar. Motsetningar.    
"Så taktile tekstilar" var ein kommentar frå ei utstilling. Dei kan også vere det stikk motsatte.
Eg arbeider både med brukstekstilar og veggteppe, og kan hente element frå bruksting til unika, og omvendt.  

Ein fasinasjon og lidenskap for arbeidet og det tekstile. Ein symbiose.
Og det er enno så altfor mykje uprøvd! 


I august 2012 var eg Månadens handverkar i Birka og dette er Birka si grunngjeving for det:

"Oddlaug Fonn Skaar lager vakre produkt i veven, både til bruk, pynt og utsmykning. Ho har solide kunnskaper og lang erfaring med veving, og dette ligg som grunnlag for eksperimentering med materialar og teknikkar, som i sin tur gir spennande resultat. Ho gir viktige bidrag til å vitalisere og aktualisere eit tradisjonelt handverk, blant anna ved å nytte material som plast og gummi. Oddlaug er ein bevisst, seriøs og nyskapande handverksutøvar."